Teikneserie med Florø-hjelp

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Knut R. Knutsen frå Florø har levert ein av dei elleve norskproduserte teikneseriane som er samla i ein humorantologi med namnet FLEIP.

DEL

Det er Laksevåg forlag som gjev ut den 52 sider store samlinga som kjem i handelen kommande veke. Enkelte av seriane har vore på trykk tidlegare, men mesteparten er nytt materiale.

Teiknarane er henta frå heile landet.

Knut R. Knutsen stillar opp med ei spesialteikna julehistorie basert på Malteserfalken, der ein gardsnisse har hovudrolla som privatdetektiv. Forlaget melder at Knutsen er ein dyktig serieskapar, som mellom anna har hatt seriar på trykk i teikneserieantologien Baddis frå Westwind forlag.

Artikkeltags