Tatt på fersken i Svelgen

Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Ein innbrotstjuv visste ikkje at han vart observert då han knuste ei rute og tok seg inn i eit bustadhus i Svelgen fredag.

DEL

SVELGEN: Klokka 17.40 fredag fekk politiet ei melding om innbrot i Svelgen. Meldinga kom i frå ein person som var vitne til innbrotet. Vitnet såg at ein tydeleg rusa mann i 40 åra knuste ei rute i eit hus i eit bustadområde i Svelgen, tok seg inn i husværet, og kom ut at kort tid etterpå.

Mannen vart kjend att og politiet har vore i kontakt med vedkomande. Mannen hadde ikkje noko forklaring då han vart konfrontert av politiet. Eigaren av huset var ikkje heime då innbrotet fann stad, men fortel han vil melde 40-åringen.

Artikkeltags