Bergen set tennene i Sogn og Fjordane

Frå 2020 tyder mykje på at tannhelsa i det nye vestlandsfylket skal styrast frå Bergen, der fagmiljøet er størst.

Frå 2020 tyder mykje på at tannhelsa i det nye vestlandsfylket skal styrast frå Bergen, der fagmiljøet er størst. Foto:

Av

Tannhelsetenesta i det nye vestlandsfylket skal leiast frå Bergen. Det er Sogn og Fjordane samde i.

DEL

Tannhelsetenesta i det nye fylket på Vestlandet skal leiast frå Bergen. Det er innstillinga til fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Dette er eit gledeleg, samrøystes vedtak. Direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane og eg er samde om at dette er den beste måten å leie tannhelsetenesta på. Vi grunngjev det med det sterke fagmiljøet som tannhelsetenesta i Hordaland har bygt opp i Bergen saman med Universitetet. Vi skal og etablere eit spesialisthelsetilbod i Sogn og Fjordane, seier fylkestannlege Arne Åsan i Hordaland i ei pressemelding.

Dermed tyder mykje på at  til saman 525 tilsette og 63 tannklinikkar skal administrativt styrast frå vestlandshovudstaden i nær framtid.

Sikrar fagmiljøet

– Dette er ei gladsak for begge fylka. Sogn og Fjordane har gitt på den sida at tannhelsetenesta skal administrerast frå Bergen, men samstundes trur eg mest me har fått ved at me får sikra eit stort og godt fagmiljø for dei tilsette, og det kjem pasientane til gode, seier Clara Øberg, direktør for tannhelsetensta i Sogn og Fjordane.

 

I tillegg å støtta innstillinga frå fylkesrådmennene fekk politikarane med eit punkt som skal sikra ein desentralisert modell for spesialisttannhelsetenesta. Det er tannhelsedirektøren glad for.

– Det betyr kort reiseveg og gode tenester for pasientane.

 

Desentralisert arbeidsdeling

 

På same måte som innanfor andre tenesteområde, vil fellesnemnda leggje opp til ei desentralisert arbeidsdeling innan tannhelseadministrasjonen.

 

Nærleiken til klinikkleiarane og den desentraliserte klinikkstrukturen tilseier at det må vere kompetansearbeidsplassar både i Hordaland og Sogn og Fjordane knytt til leiing og administrasjon også etter 1. januar 2020.

Artikkeltags