Tamilsk 17.mai-talar i Florø

BLIR HISTORISK: Jeikishan Jegatheesan frå Sri Lanka blir den første innvandrar som held 17. mai-tale i Florø.

BLIR HISTORISK: Jeikishan Jegatheesan frå Sri Lanka blir den første innvandrar som held 17. mai-tale i Florø. Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Jeikishan Jegatheesan skal halde årets 17. mai-tale etter folketoget på Florø stadion førstkomande torsdag.

DEL

For første gong skal ein av våre nye landsmenn halde tale på grunnlovsdagen i Florø.

Jeikishan Jegatheesan, eller «Jeiki», som dei fleste kjenner han som, kjem frå Sri Lanka, og er ein sentral person i det tamilske miljøet i Florø. Han er mellom anna leiar av den eine av dei to tamilske foreningane i byen, Annai Poopathi Tamilsk Kultursenter.

– Vi er glade for at Jeiki sa ja. I løpet av dei åra eg har arbeidd med 17. mai-tilskipingar, har vi ikkje hatt nye landsmenn som talarar i det heile. Det er på høg tid, seier Øystein Hjertenes til Firdaposten.

I tillegg til Jeiki som hovudtalar, skal Fredrik Helland halde appell etter morgonprosesjonen. Helland er nestleiar i elevrådet ved Flora vidaregåande skule. Under kransnedlegginga ved minnesmerket i kyrkjeparken blir det mangeårig venstrepolitikar Bjørg Mikalsen som held tale.

Artikkeltags