Tale ved minnesteinen

Artikkelen er over 12 år gammel

Av Mari Torvanger

DEL

Gratulerer med dagen, bygdefolk og andre!

I dag er det over 60 år sidan det var krig i Noreg. Å bu i eit land der det er krig, er utenkjeleg for dei fleste av oss. Vi kan sjå at det er krig i andre land på tv, lese om det i aviser eller høyre om det på radio. Men sjølv om vi får høyre og sjå om krig i andre land nesten kvar dag, er det likevel så utruleg fjernt frå oss. Vi er heldige som lever i eit fritt land. Vi kan takke dei som kjempa med livet som innsats under krigen for det.

Frå Bremanger reiste over 40 ungdomar ut. Og med tanke på at Bremanger er ei ganske lita bygd, er det veldig mange. Dessverre kom ikkje alle heim att, namna til desse 13 patriotane står på minnesteinen. Han er omkransa av 13 steinar som er fastbundne i kvarandre med kjetting. Ein stein for kvar som døydde medan han var i teneste for landet.

Det var ikkje berre tungt for dei som reiste ut, dei som sat igjen heime hadde det også ganske vondt. Mange kvinner hadde både ektemenn og søner i teneste på ein gong. Det kan ikkje vere lett å la nokon ein elskar høgt reise ut, og vite at det kanskje er siste gong ein ser kvarandre igjen. Nokre valde å legge ein lapp igjen heime om at dei hadde reist, i staden for å ta avskjed personleg. Det vart vel for hardt for nokon.

Men dei reiste ut, og over til England, endå så farleg det var der ute på havet. Det skal eit enormt mot til, og det hadde desse ungdomane. Båtane var langt frå så sjødyktige som dei vi har i dag, og livbåtane var dårlege, dersom dei hadde det ein gong. Det gjekk greitt med overseglinga til dei frå Bremanger. Det kan vere fordi at det var eit dugande sjømannskap av uredde ungdomar som så å seie var vaksne opp i båten.

Krigen var ei svært hard tid her i bygda. Ein kunne risikere å bli straffa for den minste ting dersom tyskarane fann ut av det. Heldigvis var tyskarane her ganske fredelege av seg, men likevel var det rassiar av og til. Mange fiskarar risikerte livet sitt kvar dag berre ved å reise ut på fjorden for å fiske. Ein kunne aldri vere trygg på om det kom ei mine flytande, eller anna krigsmateriale. Vi hadde ein møllar i Bremanger, som hjelpte store delar av bygda med mjøl. Det vart også utdelt matkupongar. Om kveldane måtte ein ha blendingsgardiner i glasa, så ikkje tyske fly såg lyset.

Under krigen vart uskuldige menneske sette i konsentrasjonsleir, og heimar vart lagde i grus. Det var matmangel rundt om i verda, og talet på flyktningar og omkomne auka jamt. Alt dette på grunn av eit forskrudd menneskesyn. Det var naud i eit land, og det var ein mann som såg mogelegheita til herredømme over store delar av Europa, kanskje til og med i verda. Gleda han såg i erobring, henretting og tortur gjekk på andre si bekostning. Korleis kunne dette skje? Bra det er over, tenkjer mange. Men det er ikkje det.

I dag er det mange som lever i land med krig; spesielt i Midtausten og i Afrika. Der er det farleg å uttrykkje meiningane sine, ha ei anna tru og kanskje vere mindretalet av ein rase. Mange må flykte frå heimane sine på grunn av fare for livet. Nokre er offer for terrorist-handlingar, og andre døyr av svolt. Medan menneske i desse urolege landa kjempar kvar dag for å halde seg i live, sit mange i dei vestlege landa heime i stova og ser på underhaldningsprogram, som for eksempel å slanke seg mest mogeleg på kortast tid. Litt ironisk når vi veit at det er tusenvis av menneske som svelt i hel kvar dag.

Men vi treng ikkje bekymre oss for matmangel.

Ein ungdom sa før han reiste ut: Kor ljos er vår framtid?

Nei, kjemp for alt du har kjært. Dø om så det gjelder.

Vi kan takke dei som hadde denne innstillinga for at vi i dag veks opp i eit fritt land.

Før eg legg ned kransen vil eg lese diktet som står øvst på minnesteinen:

"Frå Noregs kyst med mot i bryst, dei reiste ut so mang ein gut. Dei stakk avgarde stilt ved natt, men desse her kom aldri att".

Artikkeltags