Takka for bruer og kostyme

TAKKAR: Frå venstre: Jan Henrik Nygård i Sørstrand folkepark takka Sparebanken ved Torbjørn Orheim for gåva som gjer at dei no kan legge brua mellom dei ferdige brukara i bakgrunnen. Til venstre takkar Odd Stubhaug banksjef Ole  Aukland for sjekken til Kinnaspelet.

TAKKAR: Frå venstre: Jan Henrik Nygård i Sørstrand folkepark takka Sparebanken ved Torbjørn Orheim for gåva som gjer at dei no kan legge brua mellom dei ferdige brukara i bakgrunnen. Til venstre takkar Odd Stubhaug banksjef Ole Aukland for sjekken til Kinnaspelet.

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Store sjekkar frå Sparebanken Sogn og Fjordane, sikrar at bruene no kjem på plass på Sørstrand og at Kinnaspel-folket slepp fleire pengesuter for drakter til dei nye hovudrollehavarane.

DEL

Onsdag tjuvstarta banksjef Ole Aukland og Torbjørn Orheim frå Sparebanken Sogn og Fjordane det årlege gåvedrysset frå banken med å dele ut dei største sjekkane av årets gåvefond. Sørstrand Folkepark fekk 150 000 kroner til bruene, medan Kinnaspelet tok imot 100 000 til nye kostyme under ei lita markering på Sørstrand.

Mangfald

- Til to gode søkjarar og flaggskip i Flora-samfunnet. Badeplassen på Sørstrand når særleg mange barn, unge og småbarnsfamiliar og er eit godt bidrag til styrke mangfaldet av tilboda i byen, seier Aukland .

- Eg er glad vi no har pengar til å gå i gang med avslutninga av badestranda. Vi har no nok midlar til å få til universell utforma tilkomst og få lagt bruene og gangvegar ut til holmane, kvitterer styreleiar i Sørstrand Folkepark, Jan Henrik Nygård.

Det er eit langt meir forseggjort anlegg som snart vil møte folk når badesesongen er i gang.

Maskinkøyrarane til Terdal er i gang med å legge fine samlemurar, som vil halde sanden på plass i fleire nivå. Sandvolleyballbana i området vert snart klar og fundamenta til den største brua er allereie laga.

Nye kostyme

Like takksam er Kinnaspelets far, Odd Stubhaug.

- Kjekt å høyre at banken ser slik på oss. For Kinnaspelet passar dette veldig bra til fornying av kostyma som vi held på med fram mot 30 års jubileet i 2014. Kostyme kostar mykje. Vi må ha hjelp av andre for å greie dette, seier glad Odd Stubhaug.

I fjor fekk koret nye kapper. I år er det nye skodespelarar i fire av dei store rollene, som alle vil trenge nye kostyme. Futen Bjarte Hjelmeland, Lars Berge som Tarve og Ravn, Agnete Haaland no tilbake som prestefrua og Kyrre Eikås Ottesen som presten vil få heilt nye kostyme. Det vil og Florøs eiga Oda Alisøy Søvig som Borgni. Teaterdesignar Åse Hegranes er allereie sett på oppdraget med å forme nye drakter..

Artikkeltags