Bak bygget som husar helse- og sosialfag hadde ein eller fleire personar vore ute med sprayboksar og dekorert ein kvit murvegg. Personen er tydelegvis fan av dataspelet Quake, for i motsetning til dei fleste taggarane som spraymålar kallenamnet eller tag'en sin, hadde denne spraya "Quake 3" med spelet sin velkjente logo på veggen. Saka er meldt som skadeverk.