Ei kvinne i 50-åra vart frakta til sjukehus med lettare skadar etter at ho vart påkøyrt av ein bil i Eikefjord sentrum måndag morgon.

Politiet fekk melding frå alarmsentralen (AMK) klokka 07.58 om ulykka i Eikefjord.

Politi og helsepersonell var kort tid etter på staden. Kvinna vart stabilisert og sendt til Sentralsjukehuset i Førde med det som blir karakterisert som lettare skadar.

Kvinna kom syklande gjennom Eikefjord sentrum. Ein bil kom køyrande ut ifrå gamle ICA-butikken og trefte sykkelen i framhjulet. Kvinna vart kasta over styret på sykkelen og fall i asfalten etter møtet med bilen.

– Skadeomfanget etter ulykka er av helsepersonellet på staden karakterisert som usikkert, men det handlar om lettare skadar, fortel operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt.