Gå til sidens hovedinnhold

Svindelen blir meir og meir utspekulert

Artikkelen er over 5 år gammel

Fredag fekk Espen Gulliksen frå Bremanger ein epost på hans private epostadresse som såg ut som om den var komme frå Posten.

- Det stod at eg har ein pakke som avsendar ikkje fekk levert til meg, og at det einaste dei treng er betaling for porto. Eg stussa litt, seier Gulliksen - som også er operasjonsleiar ved politikammeret i Florø.

Midt i eposten er det også ein link du må trykkje på. Følgjer du den, kjem du inn på ei reklameside der du kan få ein iPhone, dersom du fyller ut personinformasjonen din. Med lita skrift under står det kva det eigentleg kostar.

- Det har jo ingenting med post å gjere, dette er useriøst. Rein svindel, seier Gulliksen.

Det er også fleire og fleire som opplever å bli oppringt frå utanlandske telefonnummer, frå svindlarar som seier dei er frå Microsoft. Det generelle rådet er å late vere ta telefonen, dersom du blir oppringt frå eit utanlandsk nummer du ikkje kjenner til frå før.

- Det går i rykk og napp med Microsoft-svindeltelefonane, seier Gulliksen.

Kommentarer til denne saken