Gå til sidens hovedinnhold

Svevde til gull

Artikkelen er over 12 år gammel

FLORØ: Kim Nes Leirvik (20) tok gull i junior NM i stavhopp med 4.40. Tor Inge Øvrebotten (20) frå Svelgen blei nummer tre i stav med 3,75.

Øvinga fredag ettermiddag i vanskeleg tilhøve grunna sterk vind.

I fjor tok Kim Nes Leirvik (20) livet av ein over 30 år gammal kretsrekord i stavsprang då han hoppa 4,52. I år hadde Florø-guten ambisjonar om å komme enda nærmare fem meter. Men vindforholda gjorde det vanskeleg å avvikle øvinga i det heile tatt i går.

-Eg flytta til Bergen tidleg på nyåret. Av forskjellige årsaker eg ikkje fått trent og hoppa så mykje som eg hadde håpa denne sesongen. Det er her problemet ligg, seier han.


Kim har 4,46 som årsbeste. Før NM var han nummer to på statistikken på det. Listene blir toppa av mangekjempar Lars Vikan Riise som er i verdstoppen i 10-kamp for junior.

- Eg har vore i Svelgen i ferien. Det har blitt mykje jobbing, og litt lite trening. Det har også vore en del andre ting som har stått i fokus i forkant av NM. Slikt blir det ikkje resultat av, understrekar Kim. Likevel heldt det til gull.