Svend skal bidra til betre nynorsk

Artikkelen er over 7 år gammel

FLORØ: Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee skal vere med i nemnda som skal lage ny rettskrivingsnorm for nynorsk. – Eg er samd i mandatet om at det må strammast inn og ryddast opp i alle sideformene i dagens nynorsk sier han.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Den nye norma skal erstatte dagens norm. Arbeidet skal vere ferdig 15. mai 2011 etter ein open og inkluderande prosess. Målet er å etablere ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse, heiter det i vedtaket frå styret.

– Det er ikkje bokmålet, men heller engelsk som er nynorskens verste «fiende». Eg har sans for islendingane som lagar eigne ord for utanlandske begrep som vil inn i språket vårt. Elles er nøgd med samansetjinga av gruppa eg skal vere med i, den er samansett av aktive brukarar av språket og ikkje folk med tung forskarbakgrunn, seier han.

NEMNDA

  • Seniorrådgjevar Grete Riise (62), Bergen, leiar. Riise er nettredaktør hjå Fylkesmannen i Hordaland.
  • Førsteamanuensis Unn Røyneland (40), Oslo, nestleiar. Røyneland arbeider ved Universitetet i Oslo og ved Høgskulen i Volda.
  • Journalist Ragnhild Bjørge (32), Oslo. Journalist og reportasjeleiar i NRK Dagsnytt.
  • Lærar Karin Magnetun (46), Ål, Torpo barneskule.
  • Lektor og forfattar Tore Elias Hoel (56), Bodø videregående skole.
  • Redaktør Svend Arne Vee (42), Flora. Vee er redaktør i lokalavisa Firdaposten i Florø.
  • Prosjektdirektør Åse Wetås (37), Oslo. Wetås leier arbeidet i Norsk Ordbok 2014.
  • Ordlisteredaktør og språkrettar Aud Søyland (55), Leira, prosjektsekretær.

Artikkeltags