Sverre Magne legg ned Malia-butikken i Svelgen

GAMLE CENTRUM: Sverre Magne Dyrstad ekspederer Therese Vadstein. Arkivfoto frå 2014.

GAMLE CENTRUM: Sverre Magne Dyrstad ekspederer Therese Vadstein. Arkivfoto frå 2014. Foto:

SVELGEN: Stenger dørene 31. juli.

DEL

– Det har vore veldig kjekt og gjevande å drive butikk i Svelgen. Men eg er 77 år gammal, så det er på tide å pensjonere seg.

Det seier Sverre Magne Dyrstad til NRK Sogn og Fjordane. 31. juli, nesten nøyaktig fem år etter at Malia-butikken han eig flytta inn i lokala der Centrum låg før, stenger Sverre Magne dørene.

I butikken sel han alt mogleg frå verktøy og maling, til hagereiskap, støvlar og mykje meir. Sverre Magne peikar på at handelslekkasje, i tillegg til konkurranse frå både andre butikkar og netthandel gjer det vanskeleg å drive butikk.

– Tidlegare var det større behov for butikken enn kva det er i dag. Du ser det stadig vekk andre plassar òg, butikkar som vert nedlagt grunna konkurranse frå internett og andre butikkar som kan presse prisane ned.

Sverre Magne Dyrstad starta opp verksemda si i 1978, og har hatt butikken sin på Sande, litt bakom Silgrainanlegget fram til flyttinga til lokala der Centrum brukte halde til.

Artikkeltags