VIl du kjenne på ekte steinar frå verdsrommet? Då må du ta turen til Svelgen Samfunnshus i kveld

Foto:

SVELGEN: Knut Jørgen Røed Ødegaard og Anne Mette Sannes kjem til Svelgen Samfunnshus torsdag kveld med sitt Astroshow

DEL

Sannes og Røed Ødegaard er to svært entusiastiske formidlarar og gjer astrofysikk forståeleg og interessant for alle. Det skriv Bremanger folkebibliotek i ei pressemelding.

Anne Mette Sannes har ein interfakultær cand.mag.-grad frå Universitetet i Bergen. I tillegg er ho science fiction-forfattar, vitskapsformidlar samt produsent av dokumentarfilmar om verdsrommet. Knut Jørgen Røed Ødegaard er astrofysikar, og kjend frå media i fleire samanhengar. Saman driver de firmaet Sannes & Ødegaards Univers AS og reiser rundt i landet og held foredrag rundt om i landet.

Dei turnerer i desse dagar med astroshowet «Out of Space», der dei fortel om korleis framtida til oss jordbuarar blir, både på kort og lang sikt. Dei siste åra har vi funne den nærmaste bebuelege planeten vi nokon gong vil finne utanfor Solsystemet og vi har sendt ut romsonden OSIRIS-Rex, som skal legge grunnlag for gruvedrift på asteroidar og framtidas kolonisering av Solsystemet. Det føregår mykje utforsking av verdsrommet med store teleskop og romsondar. Vi får høyre om dette i showet.

«Out of Space» er eit multimedieshow med spektakulære bilde, filmar, animasjonar, lydeffektar og musikkvideo. I forbindelse med showet får publikum også halde ekte steinar frå verdsrommet!

Torsdag kveld kjem dei til Svelgen Samfunnshus.

Artikkeltags