Italiensk vindkraft vil gje Bremanger 2,5 millionar skattekroner i året

KLART OM EIT ÅR: Bygging av Hennøy Vindkraft i regi av Falck Renewables Vind, eit italisensk konsern.

KLART OM EIT ÅR: Bygging av Hennøy Vindkraft i regi av Falck Renewables Vind, eit italisensk konsern. Foto:

Av

BREMANGER: Eigedomsskatten frå Hennøy vindkraft blir årleg på 2,5 millionar, seier leiinga i Falck Renewables.

DEL

 Falck Renewables Vind AS heldt informasjonsmøte i Svelgen sist veke.

På møtet kom det ifølgje Fjordenes Tidende fram at det dels SFE-eigde italienske selskapet vil satse mykje på lokale underleverandørar det siste året av byggjeperioden, at anlegget vil gje straum til rundt 11.000 husstandar, og at den årlege eigedomsskatten til kommunen vil ligge på rundt 2,5 millionar kroner.

Anlegget skal vere klart til drift om eit år frå no av, og vil gje mellom fem og ti faste arbeidsplassar.

Artikkeltags