Ny nettleige trugar Svelgen-arbeidsplassar

Elkem-direktør Arne Werge-Olsen er lite imponert over Statnett sitt framlegg til ny nettleigemodell. Han fryktar den vil truge lønsemda til kraftintensive verksemder som Elkem.

Elkem-direktør Arne Werge-Olsen er lite imponert over Statnett sitt framlegg til ny nettleigemodell. Han fryktar den vil truge lønsemda til kraftintensive verksemder som Elkem. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Når Statnett no ønskjer å endre dagens modell for nettleiga, kan dei produsere ein stor tapar: Kraftintensiv industri.

DEL

Direktør Arne Werge-Olsen ved Elkem Bremanger er lite nøgd med Statnett sitt framlegg til ny modell for nettleiga. Der industrien tidlegare blei teken omsyn til, med billegare nettleige, vil den nye modellen ifølgje NRK Sogn og Fjordane, gjere at industrisamfunn som Svelgen vil blø.

- Blir endringa gjennomført, trugar det våre rammevilkår og dermed langsiktige arbeidsplassar, seier Werge-Olsen til NRK Sogn og Fjordane.

Det er kome 44 høyringsinnspel på framlegget som no skal behandlast av Statnett.

Organisasjonen Kraftfylka har rekna ut at industrisamfunnet Høyanger vil få auka nettleige med 33 prosent, medan Smestad bydel i Oslo vil få ein reduksjon på 20 prosent.

Les heile saka hjå NRK Sogn og Fjordane.

Artikkeltags