Får 40 forskings-millionar

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Elkem med god utteljing hjå Norges Forskingsråd. Og det kan vere godt nytt for Svelgen.

DEL

Elkem-konsernet har fått tilsegn om statleg støtte i 2017 til seks ulike innovasjonsprosjekt dei har under planlegging, melder NTB.

Til saman vil dei ulike prosjekta få over 40 millionar kroner i støtte, og stikkorda for fleire av desse er produktspesialisering, samt meir miljøvenleg produksjon.

- Dette set vi pris på. Vi har fått ein stor andel av dei totalt 950 millionane som Forskingsrådet utlyste, og pengane vi mottek blir ein utløysande faktor for fleire av prosjekta, stadfestar teknologidirektør Håvard Moe i Elkem Techonology.

Kva med Svelgen?

- Vil Elkem Bremanger i Svelgen vere involvert i nokre av dei seks prosjekta?

- Elkem Bremanger er ein av dei mest avanserte støyperi- og silisiumprodusentane i Elkem-systemet. Dei prosjekta vi har fått støtte til  som handlar om 3D-printing, støyperiprodukt, støypejernslegeringar og termoelektriske silisider er alle  prosjekt som kan vere relevante for Bremanger, stadfestar Håvard Moe.

Han kan likevel ikkje forskottere noko - kjem med følgjande kommentar som gir grunnlag for optimisme:

- Elkem bestemmer seg ikkje så tidleg i prosjekta kva verk som vil få ansvar for å produsere desse nye produkta dersom vi går vidare med dei, men Elkem Bremanger er ein god kandidat med den posisjonen verket har i dag.

Over 400 søknader

Og det skal satsast langt meir enn dei 40 millionane på dei seks prosjekta: For kvar krone Forskingsrådet har løyvd, vil Elkem sjølve leggje til to nye.

Norges Forskingsråd fekk inn rundt 400 forskjellige søknader frå norsk næringsliv, og det blei løyvd pengar til 125 av desse.

Artikkeltags