Elkem investerer for ein kvart milliard i Svelgen

BLIR REINARE: Ei investering på 259 millionar skal gjere omn 5 meir effektiv, mindre ureinande og gi tryggare arbeidsforhold for dei tilsette.

BLIR REINARE: Ei investering på 259 millionar skal gjere omn 5 meir effektiv, mindre ureinande og gi tryggare arbeidsforhold for dei tilsette. Foto:

Av

FLORØ: Ny renseteknologi skal på plass og NOx-utsleppa skal ned tilsvarande 100.000 dieselbilar.

DEL

Elkem har beslutta å investere i ei oppgradering på ein av omnane på Elkem Bremanger. Oppgraderinga vil auke omnens effektivitet, samtidig som tiltak skal setjast i verk for å redusere NOx-utslepp frå omnen.

Smelteomnane på Elkem Bremanger produserer silisium og ferrosilisium. Bremangers omn 5 produserer spesialisert silisium som blir brukt i blant anna elektronikk, som mobiltelefonar, nettbrett og solcellepanel. Investeringane som no er beslutta, har ei ramme på 259 millionar kroner. Samtidig skal det også gjennomførast ulike HMS-tiltak, skriv konsernet i ei pressmelding.

– Bra for Svelgen

Oppgraderinga på omn 5 vil sikre Elkem Bremangers spesialiseringsposisjon, samt betre arbeidsmiljøet rundt omnen, særleg med omsyn til støv.

– Dette er svært viktig for oss på verket, og eg er veldig glad for at vi no går i gang med oppgraderingsprosjektet, seier verkssjef Arne Werge-Olsen.

– Denne investeringa sikrar vår kostposisjon, og vårt tilhøyre i Svelgen-samfunnet. Ei slik investering viser at Elkem ønskjer å satse på organisasjonen her i Svelgen. Vi sikrar verdiskapinga både for Elkem Bremanger og lokalsamfunnet, seier Werge-Olsen.

Får støtte frå fond

Elkem har fått støtte til prosjektet av NOx-fondet. Gjennom oppgraderinga skal tiltak redusere NOx-utslippa med opp til 50 prosent. Det tilsvarer utsleppet til i overkant 100.000 dieselbilar. NOx-fondet støttar prosjektet med 90 millionar kroner.

– Prosjektet på Elkem Bremanger har store sjansar for å kutte NOx-utsleppa betydeleg, og vi er glade for at vi kan løyve pengar som bidreg til å utløyse dette prosjektet. Dette er eit av seks Elkem-prosjekt som NOx-fondet har utbetalt eller gitt tilsegn om støtte til og i sum er Elkems satsingar viktige for å sikre vesentlege reduksjonar i nasjonale NOx-utslepp, seier daglig leder i NOx-fondet, Tommy Johnsen.

Artikkeltags