No kan du trygt drikke vatnet i Svelgen, men framleis E. coli i drikkevatnet i Davik.

SVELGEN: Ei ulykke kjem sjeldan åleine. Så også for bremangarane.

DEL

Kokepåbodet i Svelgen har vara i ei veke no, etter at det vart påvist coliforme bakteriar i drikkevatnet. Fredag klokka 15.30 kom meldinga om betring i vasskvaliteten til teknisk sjef Gunnar Ytrehus:

– Kokepåbodet er no oppheva, seier han.

Men onsdag kom det melding om funn av E. coli-bakteriar i drikkevatnet i Davik, mest truleg frå avføring. Dette medfører umiddelberrt kokepåbod. Som i Svelgen, er det også reinsing av drikkevatnet i Davik.

– Men er reinseanlegga i Svelgen og Davik gode nok, når det kjem gjennom både E. coli og koliforme bakterier?

– Det kunne heilt sikkert vore andre reinseanlegg, men vi lyt bruke det vi har. I Svelgen er drikkevatnskvaliteten omtrent ikkje eit problem, men i Davik er det overflatevatn vi nyttar, og det er meir væravhengig.

– Dette er relativt gamle anlegg. Kunne det vore ein idé å fornye dei?

– Ja. Reinseanlegget i Davik står på lista over anlegg som skal fornyast. Men nårtid det blir, kan eg ikkje svare på – det er eit spørsmål om pengar. Men stort sett er vatnet på Davik bra – det er godkjent for næringsmiddelindustri, så det er ikkje dårleg. Renseanlegget er tipp topp, og vatnet er det også, svarar Ytrehus.

Artikkeltags