Strandvegen blir stengd i tre veker

STENGD: Det er den blåmarkerte delen av vegen som no blir stengd i vel tre veker.

STENGD: Det er den blåmarkerte delen av vegen som no blir stengd i vel tre veker.

SVELGEN: Anleggsarbeid gjer til at Strandvegen ved Breivika blir stengd frå 2. mai.

DEL

Strandvegen i Svelgen vert stengt frå 02. mai til 24. mai, melder Bremanger kommune på sine nettsider. Årsaka til stenginga er at arbeidet med å grave ned nye kablar og røyr snart tek til for fullt.

Det er Sogn og Fjordane Energi og Bremanger kommune som no treng ny infrastruktur, og det betyr at vegen (i det raude skraverte området merka Plan 1 på bildet), vil bli stengd i perioden, og stenginga gjeld frå avkøyrsla frå fylkesveg 614 og ned til og med båthamna.

Naudetatar og bossbilen vil få køyre gjennom arbeidsområdet når det er naudsynt.

Artikkeltags