Framleis kokepåbod i Svelgen – har enno ikkje funne årsaken

SVELGEN: Kokepåbodet i Svelgen blir halde oppe inntil vidare.

DEL

Onsdag fekk alle innbyggarane i Svelgen melding frå Bremanger kommune om at det var innført kokepåbod for alt vatn som skal nyttast til drikke og matlaging, etter funn av coliforme bakteriar i vatnet. Prøvane frå fredag viste teikn til betring, men det er framleis for tidleg å oppheve kokepåbodet, seier teknisk sjef Gunnar Ytrehus til Firdaposten måndag føremiddag.

– Prøvene fredag viste for høge verdiar av coliforme bakteriar i vatnet. Vi tek nye prøvar i dag, og dei reknar vi å få svar på i løpet av ettermiddagen tysdag. Men inntil vidare opprettheld vi kokepåbodet, seier Ytrehus.

– Har de komme nærare ei årsak til bakteriefunnet i vatnet?

– Nei, men vi jobbar kontinuerleg med dette og prøver finne eit svar, seier Ytrehus.

Svelgarane får drikkevatnet sitt frå Hjelmevatn og Storebotnvatn via kraftstasjonen i Svelgen. Dette blir både klora og reinsa med UV-filter, men dette har tydelegvis ikkje hatt særleg effekt.

– Korleis kan det ha seg?

– Det har eg ikkje noko god forklaring på, svarar Ytrehus.

Artikkeltags