Sjekk kva som la til kai i Svelgen tysdag

FLOTELL: Tysdag la Flotell Bell Riva til kai ved Bremanger Fjordhotell i Svelgen.

FLOTELL: Tysdag la Flotell Bell Riva til kai ved Bremanger Fjordhotell i Svelgen. Foto:

DEL

Bremanger Fjordhotell og eigarselskapet Bu og Fritid leiger inn Flotell Bell Riva med kapasitet på 66 hotellrom for å dekke etterspurnaden etter husrom og overnatting til fagfolka som skal jobbe med montering av vindturbinane på Hennøy Vindkraftverk. Dessutan held Elkem Bremanger på med fleire store prosjekt. Ei stor ombygging av omn 5 står for døra og det blir også bygd ny kraftlinje mellom Svelgen og Ålfoten for tida i regi av SFE.

Tysdag kom flotellet til kai i Svelgen.

Bell Riva har 66 rom over 3 etasjar- alle med dusj og toalett. I tillegg er det et rom som ligg ved resepsjonen som er berekna for resepsjonist eller soveade nattevakt/vaktmeister. Det er to TV-stover om bord og trådlaus internett. Kantina har 128 sitjeplassar og det er en produksjonskapasitet på kjøkken og kantine på opp til 300 personar. Vatn og straum skal leverast frå land. Flotellet er eigd av selskapet MW Marine.

Artikkeltags