Då Sparebanken Sogn og Fjordane sin minibank vart historie i Svelgen vart det behov for ein ny minibank. Denne oppgåva tok NOKAS på seg, og minibanken vart plassert der den gamle kiosken ein gong stod. Plasseringa av minibanken gjorde at ei rampe vart naudsynt for personar med rullestol og rullator. Denne rampa heva bakken så mykje at dei som er høge stangar opp i taket, medan den er så låg at dei i rullestol ikkje når opp til uttaket. I tillegg er rampa smal og det er inga sikring, slik at ein fort kan falle utanfor. Leiar for det kommunale råd for menneske med nedsett funksjonsevne, Aina Alfredsen Førde, er oppgidd over løysinga.

Den store snakkisen

 

– Eg vert snakka til nesten dagleg over folk som er rysta over løysinga til den nye minibanken. Det er personar som snublar i støypekanten, og rampa er direkte farleg for folk med rullestol og rullator. Når ein er oppe på rampa skal ein vere god for å i det heile tatt greie å snu rullestolen. Den er rett og slett farleg, seier Alfredsen Førde oppgidd.

No har ho både sendt brev og snakka med dei i NOKAS, då det er dei som står ansvarlege. Nokas har fått tilsendt bilda, og er klare over problemet.

– I etterkant ser vi at dette er svært uheldig. Det er berre å beklage, seier kommunikasjonssjef i NOKAS Group, Ådne Mauritzen.

Nokas har sett i gong ein prosess rundt minibanken, men kan ikkje seie noko om kva som skjer framover.

– Fyrst må eg seie at det er veldig fint at folk gir beskjed. Vi har sett i gong ein prosess, der vi skal sjå på kva vi kan gjere, men den er akkurat begynt, fortel Mauritzen.

– Eg er rysta over kor høgt oppe på veggen dei har plassert minibanken. Eg kunne forstått det viss den var sett opp lang tilbake i tid, men ikkje no når det er regler og lover om universell utforming. Dette har blitt den store snakkisen i Svelgen, slår Alfredsen Førde fast.