Svelgen treng barnehageplassar

Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Politikarane i Bremanger vil setje fortgang i planarbeidet for å skaffe 21 manglande, lovpålagte barnehageplassar i Svelgen.

DEL

Det var Kåre Jarl Langeland (V) som tok opp barnehagemangelen i kommunesenteret på vegner av eiga parti og Sp og SV.

Det var tverrpolitisk semje om å få fortgang i planarbeidet.

Ordførar Kåre Olav Svarstad informerte om at kommuneleiinga arbeider med mellombels løysing i eit privathus i Svelgen eller å bruke ledige lokale i skulen.

- Fylkesmannen seier nei til låneopptak før vi har fått godkjent ein økonomisk langtidsplan. Men neste år blir barnehageplassar lovpålagde, så då er situasjonen litt annleis, påpeika ordføraren.

Kommunestyret vedtok å fremje ei sak til neste møte i plan og utvikling, der det skal leggast fram ein plan for finansiering og utbygging av barnehageplassar.

Artikkeltags