Svelgen Røde Kors heilt til topps

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

SVELGEN: I helga vart det arrangert distriktsmeisterskap i førstehjelp i Sogndal. Svelgen Røde Kors stakk av med sigeren og får representere Sogn og Fjordane i NM i september.

DEL

Ikkje alle veit at det finst både NM og EM i førstehjelp, og det kan kanskje verke noko merkeleg å skulle konkurrere i førstehjelp. Men akkurat dei nervane ein får når adrenalinet susar i blodårane under ein konkurranse, har mykje til felles med adrenalinet som slår til ved ei ekte ulykke. Å kunne få øve seg i å takle stress, press og nervøsitet er gull verdt når ulukka først er ute.

Teamwork

Svelgen stilte med ein team på seks: Sissel Myklebust, Marit Myklebust, Trond Kvellestad, Arne Rebni, Asbjørn Sande og lagleiar Leo Cirotzki. Til saman åtte lag skulle tevle i orienteringsløype og ringløype. Orienteringsløypa starta kl.22.00.om kvelden, og ein hadde ti postar ein skulle finne ved hjelp av kart og kompass. På kvar post måtte ein svare på diverse teorispørsmål. Dagen etter var det klar for ringløype i Sogndal sentrum. Kvart lag hadde 30 minutt på å løyse diverse scenario, alt frå brannskadar, fallskadar og bilulykker til hjartestopp, etc.

Overraska

Lagleiar Leo Cirotzki var overraska over at dei gjekk heilt til topps. Dei har tidlegare fått 3. plass i tevlinga og reiste mest inn for å lære nye ting og ha det moro.

– Vi skulle jo eigentleg ta ferie vi no, men no må vi til å trene fram mot NM i Bergen, ler Leo på telefonen. Lagleiaren er godt nøgd med eit vellukka arrangement og ein flott laginnsats. – Dette er eit veldig positivt tiltak. Særleg den ringløypa er viktig for å profilere det arbeidet ein gjer i Røde Kors. Men du må ikkje spørje meg om det var mange folk som såg på, for eg var så konsentrert om jobben vi skulle gjere, at eg såg knapt noko anna, humrar han. Og at han gjorde ein god jobb, kunne medkollega Asbjørn Sande fortelje.

– Det er utruleg viktig at ein har ein leiar som har godt overblikk og er god til å delegere oppgåvene til resten av teamet. Ein kan kunne så mykje ein berre vil om førstehjelp, men akkurat det som skjer når ein kjem først til ein ulukkesstad, er noko av det viktigaste å lære seg, seier Sande. – Og Leo gjorde ein fantastisk jobb.

Så vert det spennande å følgje med Svelgen Røde Kors vidare. Sjølv om dei berre reiser for å få lære endå meir nytt, så kan det hende at bandasjeringa er god for gull i september også.

Artikkeltags