Svært nøgde med vegmøte

Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Svelgenrepresentantar møtte fylkeskommunen i dag, og er svært nøgde med resultatet. Eit tilskot på 200 millionar kroner til vegopprusting kan føre til ei næringssatsing på 3,5 milliardar kroner - på ny Elkem Solar-fabrikk.

DEL

Bjørgulf Myklebust frå Svelgen Utvikling og Steinar Talle frå Elkem Bremanger møtte i dag fylkesordførar Nils R. Sandal og andre representantar for Sogn og Fjordane Fylkeskommune, med eit ønske om støtte til Svelgen-samfunnet.

Fylkeskommunen har tidlegare lova ein tiltakspakke for å hjelpe Elkem Bremanger med å få ny Solar-fabrikk.

200 millionar

Svelgen treng no 200 millionar kroner for å ruste opp vegen frå Myklebust til Svelgen, 15 kilometer med svært dårleg veg, om dei skal ha sjanse til å få ein ny Solar- fabrikk, med ei investering frå Elkem si side på om lag 3,5 milliardar kroner.

Og vegopprustinga må skje innan 2009.

Difor vil dei no be staten om ekstraordinære næringsutviklingsmidlar, og ønskjer fylkeskommunen si støtte og hjelp til å få tak i desse pengane.

Nøgde

- Vi føler vi fekk god respons frå fylket sine representantar og er svært nøgde med møtet, seier Myklebust til Firdaposten.

Rolf Årdal frå Sunnfjord Næringsutvikling var med på møtet, og støttar opp om Svelgen-ønsket.

- Dette kan bli ei veldig viktig næringsutvikling for heile regionen, slår han fast.

Les alt om møtet og bakgrunnen for saka i Firdaposten på laurdag.

Artikkeltags