Kvar er jegerjentene?

Er du fersk jeger og jente, og har lyst å prøve hjortejakt, har du no sjansen heilt gratis på Svanøy. Her er førstegangsjeger Ida Udengen med sin første hjort i 2013.

Er du fersk jeger og jente, og har lyst å prøve hjortejakt, har du no sjansen heilt gratis på Svanøy. Her er førstegangsjeger Ida Udengen med sin første hjort i 2013. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Mange vil på gratis opplæringsjakt på Svanøy. Men ei gruppe manglar i år.

DEL

For femte gong byr Norsk Hjortesenter på Svanøy på gratis opplæringsjakt på hjort i skogane på øyperla Svanøy utanfor Florø. Pågangen har vore god frå heile landet dei åra rekrutteringstiltaket har eksistert, og kvart år har fire heldige førstegangsjegerar, fortrinnsvis ungdom, fått innpass i noko av det beste hjorteterrenget i landet.

Men i år har jentene svikta Johan Trygve Solheim & Co ved hjortesenteret.

Har framleis sjansen

- Vi har hatt bra pågang frå jentene tidlegare, og vi har øyremerkt plassar for jenter i dette prosjektet. Men i år har vi faktisk ikkje fått ein einaste søknad så langt frå damene - og det er litt underleg når vi veit at kvinneandelen på jegerprøvekursa har vore bra dei seinare åra. Eg håper at damene melder seg snarast mogleg, dei har framleis sjansen, seier Solheim til Firdaposten.

Alt gratis

Årets opplæringsjakt går av stabelen 11. til 13. november. Deltakarane får bu på ærverdige Svanøy Hovedgård, og i løpet av jakta får dei innføring i både smygjakt, jakt med hund, flåing, utvomming og slakting. Og i tillegg gode tips om korleis dei kan bruke det gode hjortekjøtet som råvare for mykje og mangt. Og alt, med unnatak av å kome seg til Svanøy, er heilt gratis.

Trekninga om dei fire gratis hjortejakthelgene skjer i midten av oktober, og er du interessert, kan du sende epost til hjort@hjortesenteret.no.

Artikkeltags