Svanøy røykeri har funne rette sals-oppskrifta. Det førte til at dei selde 15 tonn fisk i fjor.

Gro Sveen og Elin Tveit Sveen.

Gro Sveen og Elin Tveit Sveen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Sjølv om lakseprisen er rekordhøg, klarar foredlingsbedrifta Svanøy Røykeri å auke etterspurnaden etter sine produkt. Til og med mai hadde dei ei omsetnadsauke på 13,6 prosent i høve til same periode i fjor. Det skriv Havbrukspartner AS i ei pressemelding.

– Vi jobbar kontinuerleg for å nå ut til fleire med røykelaksen frå Svanøy, seier dagleg leiar Gro Sveen.

Bedrifta har arbeidd målretta for å komme seg ut i butikkhyller, og er spesielt nøgde med responsen i heimfylket Sogn og Fjordane.

– Coop Vest har vore kjempepositive som samarbeidspartnarar. Dei satsar verkeleg på lokalmat. Når vi får ein plass i hyllene, satsar vi på å stille opp og gje smaksprøvar i butikkane, seier Gro Sveen.

Ved sidan av prøvesmaking i butikk, reiser Gro og mor og samarbeidspartnar Elin Tveit Sveen rundt på alle slags arrangement og falbyr laksen. Dels er dette reklame for seinare sal i butikk og gjennom nettbutikk, dels er det sal der og då, og dels er det folkeopplysning.

– Vi får mange spørsmål om oppdrettsfisk, og dette gir oss høve til å spreie kunnskap om næringa, seier Elin Tveit Sveen. Ho driv oppdrettsselskapet Marø Havbruk saman med mannen Trond, og var i si tid med og starta opp Svanøy Røykeri for å skape meir aktivitet lokalt kring lakseproduksjonen.

– Det meste av fisken til røykeriet kjem frå Marø Havbruk, men det skjer til marknadspris. Foredlinga skal vere ei eiga verksemd som står på eigne bein, seier ho.

I 2016 selde røykeriet 15,5 tonn fisk, det aller meste til den norske marknaden. Salet skjer anten rett til kunden eller til butikk, utan mellomledd. Verksemda har arbeida mykje for å få eit større sal gjennom heile året. Tradisjonelt var halve omsetnaden konsentrert til desember månad, no er ein nede i eit styrkeforhold med 35 prosent sal i julemånaden. Samstundes har volumet auka også i høgsesongen.

– Det er viktig for oss å ha ein jamn produksjon gjennom året, det gir betre utnytting av kapasitet, og vi blir betre i stand til å ha folk fast tilsett, seier Gro Sveen.

I tillegg til å foredle fisk, har verksemda no satsa på å la besøkande komme innom røykeriet for å få innsyn i produksjonsprosessen og smake på produkta.

– Vi opplevde at turistar og andre som var innom Svanøy ønskte å sjå kva folk lever av her. Då vart det til at vi laga eit opplegg for å syne fram røykeriet, og vi har og laga bygget slik at vi enkelt kan ta imot besøkande utan at dei treng å gå inn i sjølve produksjonslokala. Dette har vore positivt, og som regel kjøper folk med seg laks heim, seier Gro Sveen nøgd.

Artikkeltags