Gå til sidens hovedinnhold

Dobbel dose med Vamp på Svanøy

Artikkelen er over 3 år gammel

Set opp ekstrakonsert etter rekordsal.

Han brukte fem dagar på å selje ut 400 Vamp-billettar til låvekonserten på Svanøy Hovedgård laurdag 22. juli. No har Johan Trygve Solheim og Vamp blitt samde om å setje opp ein ekstrakonsert dagen etterpå.

Mange var skuffa

- Eg hadde aldri trudd trøkket skulle bli så stort. Det hadde ikkje Øyvind Staveland og Vamp heller. Vi opplevde ei mengd med fortvila og skuffa fans som kontakta oss i vekene som følgde, via epost, telefon og på nettsidene våre og forsøkte å skaffe seg billettar. Då kontakta eg Vamp, og dei var positive til ein ekstrakonsert, fortel Johan Trygve Solheim.

Les også: Nærmare Tir na' noir kjem du ikkje

Lunsj med bandet

Dermed blir det Vampkonsert i låven ved Hovedgården også på søndagen, med konsertstart klokka 17. Tidlegare på dagen skal artistane på båttur for å sjå Svanøy og øygarden frå sjøsida, før det blir bede inn til stor lunsj på Norsk Hjortesenter.

- Her blir det ope for alle som ønskjer å få ein matbit, få oppleve Norsk Hjortesenter - og kanskje få slått av ein prat med artistane, seier Johan Trygve Solheim.

Til søndagskonserten blir det rabatterte billettar til barn under 12 år, og tidspunkta for konserten gjer det mogleg å ta ordinær rutebåt til og frå konserten.

Snart byggjestart

Sidan Firdaposten omtalte låveprosjektet sist, er det no avklart at det blir Allbygg som skal stå for ombyggingsarbeidet.

- Jobben med å bygge om låven startar 18. april, og det blir ein langspurt derfrå til konsertdatoen for å bli ferdige. Men det har Allbygg lova skal gå bra, seier Solheim.

Billettane til søndagskonserten med Vamp er no lagt ut på ticketco.no.

Kommentarer til denne saken