Monica var gudmor for den nye arbeidshesten til Svanøy Havbruk

Svanøy Havbruk har fått ny arbeidsbåt, Oddenakken.

Svanøy Havbruk har fått ny arbeidsbåt, Oddenakken. Foto:

SVANØY: Store forventningar til ny arbeidsbåt.

DEL

Dei har no utvida flåten med "Oddenakken", ein arbeidskatamaran frå Moen Marin AS. Båten er av typen NabCat, 13,5 meter lang og 7,5 meter brei. Namnet har den fått etter staden der lokaliteten den skal brukast på, ligg; Oddane.

Då båten vart døypt fredag ettermiddag, var gudmora Monica Kalberg.

 – Monica har så og seie vakse opp på anlegget, og har jobba hos oss i mange år - først som sommarhjelp og gjennom utdanning, seinare som røktar og driftsleiar, og no som fiskehelseansvarleg, seier dagleg leiar Ove Inge Vågen i ei pressemelding.

Båten skal brukast i dagleg drift ved Svanøy Havbruk sine lokalitetar. Dei har store forventningar til båten:

– Vi var på jakt etter ein robust og manøvreringsdyktig lokalitetsbåt som kunne leverast raskt. Vi riggar oss for framtida og då treng vi moderne og sjødyktige båtar, sler driftsleiar Trond Fjellestad fast.

Båten er designa og bygd i høve Nordisk Båtstandard for arbeidsbåtar mindre enn 15 meter, og Sjøfartsdirektoratets oppgraderte regelverk for denne type båtar.

Den er godt utrusta med 2 x Nogva Scania marine 380hk, Nogva gir, vribart propellanlegg, 3- og 5-tonns capstaner, Sleipner baugpropell, Palfinger kran og radiostyring, pluss eit 3-fasa 23,4 kW aggregat.

 

Artikkeltags