Svanhild treng hjelp, og det hastar!

I trøbbel: Galeasen Svanhild treng di hjelp om vi skal få se ho slik i sommar.

I trøbbel: Galeasen Svanhild treng di hjelp om vi skal få se ho slik i sommar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Masta på Svanhild er roteskadd og må kanskje skiftast ut. Det har dei ikkje råd til.

DEL

I helga var Hardanger Fartøyvernsenter på besøk i Florø for å halde eit vedlikehaldskurs for Svanhilds venner. Kurset tok for seg generelt vedlikehald av trefartøy, samt driving av dekk og vedlikehald av rigg. I samband med det oppdaga dei at hovudmasta på den gamle dama var i langt dårlegare forfatning enn det ein først trudde. No treng den gamle dama hjelp om den skal kunne heise fulle segl i år.

Generasjonsskifte

Masta er frå år 2000, og sidan har den stått der, forklarar leiaren i Svanhilds venner, Siri Helle. Ho seier at dei ikkje har hatt kapasitet til å vedlikehalde masta slik dei kanskje burde ha gjort.

– Den burde nok ha vore tatt ned kvart fjerde år for vedlikehald, men det har det ikkje vore kapasitet til. Vi er inne i eit generasjonsskifte i Svanhilds venner, fleire nye og yngre folk. Det er veldig kjekt med nye friske folk, og ny entusiasme, men kanskje har vi mista litt kunnskap på vegen.

Det er nettopp difor dei har knytt seg til fagmiljøet i Hardanger Fartøyvernsenter, for å skaffe seg meir kunnskap. Det var under ei synfaring tidlegare i år at dei oppdaga at masta var roteskadd. Fagfolka slo fast at dei ikkje kunne segle med denne masta. Masta vart difor tatt ned, og delt i to for å finne ut kor alvorleg skaden var. Først trudde ein at det skulle vere mogleg å skøye på masta, men i helga sjekka dei masta på ny, og ròteskaden er så omfattande at det er fare for at heile masta må skiftast ut.

– Når dei banka på masta fann dei nokre skumle lydar lenger opp på masta. Det viser seg at den er ganske hol på eit punkt som er ganske kritisk. Ein stor del av masta kan ikkje lenger brukast.

Kritisk

Helle forklarar at dei får vite meir om kva alternativ dei har litt seinare i veka. Om dei må skaffe ei ny mast, eller om det framleis er mogleg å skøyte på den gamle. Uansett er det snakk om betydelege kostnadar.

– Det kan stå om centimeter, men så er det eit spørsmål om kva som er lurt. Vi hentar inn tilbod no, men det kan kanskje bli like dyrt å skøyte som å bytte heile masta, og med tanke på at masta er 18 år gammal er det kanskje lurare å bytte masta uansett. Same kva løysing vi går for vil det koste meir enn vi har pengar til. Mellom 200 og 270.000 kroner.

– Korleis har de tenkt å løyse det?

– Vi har allereie søkt formannskapet om ei ekstrabevilling. Vi går ut mot næringslivet, og vi kjem til starte ein god gammaldags kronerulling slik at også private kan bidra om dei har lyst.

– Kva kan konsekvensane bli om de ikkje får til ei løysing, og kva skjer med det planlagde pinsetoktet til Shetland?

– Svanhild har ikkje faste tilskot til drift. Får vi ikkje opp mast, og altså ikkje gjennomført sesongen, vil vi slite både med faste utgifter og løpande vedlikehald. Det er altså litt kritisk at masta er på plass til sesongen. Når deg gjeld Shetland er dei påmelde allereie informert, og vårt mål er at den turen kan gå som planlagt.

Mogleg å skøyte

Ivar Hoflandsdal er verftsformann i Hardanger Fartøyvern, og var ein av dei som inspiserte masta i helga. Han seier at det skal vere mogleg å skøyte masta og få skuta operativ i år, men at det i så fall berre er ei midlertidig løysing. Problemet med ny mast er at det tek tre år å få den ferdig.

– Det er mogleg å skøyte masta og sette på ein ny topp. All ròte får vi ikkje bort, berre om lag 95 %, men då kan skuta vere operativ i nokre år. Alternativet er ny mast. Det har vi funnet, men om den felles nå skal den ideelt sett ligge eit år i sjøen, og så tørke i to år. Det finst ikkje tørre tre på lager i Norge.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken