Gå til sidens hovedinnhold

– Ein ekte pirat gjer aldri opp!

Artikkelen er over 3 år gammel

Ein ekte pirat er doven og lat, heiter det i songen, men det var ikkje noko dorskt over piratgjengen som drog på sjørøvertokt med Svanhild på Våt Moros opningsdag. Dei var på jakt etter gull.

Det var ein spent gjeng av piratar, med kvar sine gissel på slep, som sto og venta på å få gå om bord i den stolte skuta Svanhild torsdag ettermiddag. Utolmodige var dei nok også, for det var litt klaging på at dei ikkje fekk gå om bord med ein gong. Men når ein litt lei mamma ymta frampå om at dei kanskje berre skulle gje opp og gå heim, vart ho kontant satt på plass.
– Ein ekte pirat gjer aldri opp!

Og sånn var det med den saka. Ho skal vere glad ho slapp å gå planken.

Presis klokka 14 fekk piratane komme om bord, og skuta kasta loss. Med hiv og hoi vart sjørøvarflagget heist til topps, og så bar det ut på vika på jakt etter gull. Ein kar som kalla seg for Kaptein Beautiful kalla saman dagens sjørøvermannskap, og fortalde dei at dei først måtte finne eit sjørøvarkart som var forsvunne ein eller annan plass på båten. Etterpå kom det ein vill historie om at han hadde møtt Kaptein Sabeltann på Rognaldsen gartneri, der hadde han stole noko gull, og det gullet skulle vi ha tilbake.

Piratane gjekk inn for oppgåva med alt dei hadde av energi og entusiasme. Båten vart endevendt. Kartet dukka opp, og til slutt også kista med den store skatten. Deg gjekk eit sus av forventing og lykke gjennom mannskapet i det Kaptein Beautiful opna kista og avslørte at den var full av gullmynter. Alle fekk si del av skatten, for på piratskuta Svanhild deler man byttet, i beste sosialdemokratiske ånd.

Etter at gullet var fordelt vende vi snuten heimover igjen, til tonane av kjende og kjære piratsangar. Ei piratjente lurte på kvifor det ikkje var kanoner på Svanhild, men fekk klar beskjed frå foresatte at slike spørsmål måtte rettast direkte til kapteinen. Spørsmålet kom ikkje opp att.

35 gaster på død manns kiste. Yo ho ho og ein kjeks og eit pappkrus med kaffi. Dette første av tre utselde sjørøvartokt på Våt Moro kan ikkje karakteriserast som noko anna enn ei suksess. Ingen falt over bord. Ingen måtte gå planken, og gullet kom hem. Nå kan vi ta det roleg dei neste hundre år. Eller i det minste til neste gong Svanhild kallar inn til sjørøvartokt.

Bildeserie

Sjørøvartokt med Svanhild 13.07.17

 

Kommentarer til denne saken