Lysbakken kjem til Florø som ei avslutting på ein rundtur i Sogn og Fjordane. Han vil få ei omvisning på Nærsjukehuset og diskutere kuttframlegga frå Helse Førde, før han på kvelden deltek på eit ope møte i regi av Flora SV på Victoria Hotell. Då innleier han med temaet "Regjeringspartiet SV - eit år før lokalvalet". Etter innleiinga er det ope for debatt, og møtet er ope for alle.