Superlag innan geologi

Fremst  Einar Alsaker, Even Vie og Atle Nesje i bakgrunnen.

Fremst Einar Alsaker, Even Vie og Atle Nesje i bakgrunnen. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Geologimiljøet i Stongfjorden, spesialistar på geologi og skredforsking, har fått spissa kompetansen sin ytterlegare ved å få den kjende forskaren Atle Nesje med som aktiv medeigar i nytt selskap. .

DEL

Sunnfjord Geo Consulting bygger eit geologisuperlag rundt, og med, den kjende forskaren Atle Nesje. Firmaet har allereie byrja levere skredrapportar frå basen i Stongfjorden.

–. Det er fantastisk å få ein ressurs som Atle Nesje med på laget. Nesje er ein internasjonal tungvektar, som nett fekk ca 15 millionar i forskingsmidlar til eit forskingsprosjekt i Himalaya. Skredgeologane Even Vie og Oliver Queck er og med på eigarsida, seier Synne Lindgren Alsaker, dagleg leiar, styremedlem og eigar.

– Eg trur ikkje folk skjønnar kor stort det er at ein internasjonalt kjend forskar går inn i eit lite nystarta firma i Sunnfjord, stråler ho.

Atle Nesje er professor i kvartærgeologi på Universitetet i Bergen ( UiB), og klimaforskar tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking i Bergen. Han er no medeigar i nystarta SGC AS , styreformann og fagleiar. Selskapet vart stifta 1.september av Einar Alsaker og Synne Lindgren Alsaker, som også driv Sunnfjord Geo Center i Stongfjorden. Det selskapet sin hovudaktivitet er konsulenttenester til oljeindustrien innan geofysikk og geologi.

Konsulentselskapet SGC AS utfører skredevaluering for kommunale, private og statlege utbyggarar, og driv grunnundersøking i lausmassar og fast fjell. Fagleg dekker vi kvartærgeologi, klimaforskning, glasiologi, geomorfologi, geokjemi, sedimentologi, strukturgeologi, hydrologi og bergrunnsgeologi, supplerer Einar Alsaker

Han viser til at skredevaluering blir meir etterspurd om spådommane om fuktigare klima med meir ekstremvêr slår til. Anten det er veganlegg, eller byggefelt, er det viktig å kjenne geologien. Kommunar er pålagt å utarbeide skredrapportar i forkant av reguleringsplaner. Dette kjem fram i ei pressemelding frå det nystarta selskapet.

- Vi lagar desse, med anbefalingar for sikring, forklarer Alsaker. .

Artikkeltags