Stengt Rv 5 ved Sundafjellet

I AUST: Her ser vi køa i aust. Vi ser at det står bilar i kæ gjennom heile Leversundet. Foto: Steinar Svardal

I AUST: Her ser vi køa i aust. Vi ser at det står bilar i kæ gjennom heile Leversundet. Foto: Steinar Svardal

Artikkelen er over 4 år gammel

Stein har falle ned frå taket i tunnelen og vegen er stengt.

DEL

Ein trailer med høgt skap har vore oppe i taket på tunnelen med den konsekvens at steinar har falle ned i vegbana. Vegen er stengt. Dette melder politiet i Sogn og Fjordane. Traileren skal også ha vore oppe i taket i den mykje kortare Helgøytunnelen på veg austover, melder NRK.

- Vi fekk melding frå Statens vegvesen om at ein trailer hadde sneia opp i taket med ein container. No skal Statens vegvesen sende ut ein entreprenør, som skal kontrollere og sikre tunnelen, fortel Inge Værøy, operasjonsleiar hos politiet.

- Kor lenge blir det stengt?

- Vanskeleg å vurdere. Først må dei komme seg på plass, så vurdere om det er meir laus stein i taket eller om det er berre å rydde vegbana.

09:30: Det er kolonnekøyring gjennom tunnelen.

Saka blir oppdatert fortløpande.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags