Torsdag kom søkartala frå Samordna opptak. For Florø sin del er resultatet skuffande, fortel studiekoordinator Øyvind Østrem i Høgskulen på Vestlandet (HVL) til Firdaposten.

– Vi har fem søkarar som har undervassteknologi som førsteval, og seks som har allmenn maskin som førsteval. Totalt var det 58 som hadde Florø som eit av sine val på dei to studieretningane, fortel Østrem.

Nasjonal trend

Også i fjor var det låg søknad til ingeniørutdanninga i Florø. Totalt kryssa 82 søkarar av for subseautdanninga i Florø, men berre tre av desse hadde det som førsteprioritet. Men Florø sin situasjon er ikkje noko unik. Også avdelinga i Kristiansund hadde dei få søkarar i 2016, og lyste ikkje ut nytt opptak i år. 

– Vi ser same tendens i heile landet: All oljerelatert utdanning held fram å falle. På Straume hadde undervassteknologi 220 søkarar med førsteprioritet i 2013, i år var det berre 17. Det er og ein landstrend at tradisjonelle ingeniørutdanningar har nedgang. Til dømes fell allmenn maskinutdanning i Bergen og på Stord begge med 40 prosent, seier Østrem.

Nedgangen i olja forplantar seg

Om han skal spekulere i årsaker til nedgangen, så er det nok opplagt at krisa innan oljenæringa er hovudårsaka til nedgangen på oljerelaterte studium.

– Truleg har denne nedgangen og drege med seg andre ingeniørstudium. Mykje negativ fokus i media rundt ingeniørar som misser arbeid, har nok skremt mange vekk frå å ta ingeniørutdanning, både oljerelatert og annan ingeniørutdanning. Eg meiner det er grunn til bekymring rundt utviklinga, vi treng dei klokaste hovuda, det er dei som skal ta oss gjennom det grøne skiftet, strekar Østrem under.

LES OGSÅ: Nytt ingeniørstudium og kanskje nye fag

Uavklart om det blir nytt kull

Det er ikkje avgjort om det blir eit nytt kull i Florø til hausten, seier Østrem vidare.

– Planen er at dei to gruppene skal gå i same klasse i mange av faga, men vi skulle svært gjerne hatt fleire som hadde oss som førsteval. Søkartala skal analyserast grundig, for å sjå om det kan vere grunnlag for oppstart. I tillegg kan det vere aktuelt å prøve å hente inn noko ekstern finansiering, seier Østrem men strekar under endå ein gong:

– Tidene vil snu. Det vil vere mykje arbeid for ingeniørar på mange ulike område i havrommet i framtida, og petroleumsnæringa vil ta seg opp att. Så det er inga annan utveg enn å jobbe på vidare for å få betre opptak i åra som kjem.