Florø får nytt ingeniørstudium

maritim forening nettverkssamling subsea høgskolen i bergen øyvind østrem studentar ingeniør

maritim forening nettverkssamling subsea høgskolen i bergen øyvind østrem studentar ingeniør Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Hausten 2017 vil det vere studentar som studerer til å bli maskiningeniørar her i Florø.

DEL

Høgskolen har no vedteke å lyse ut studiet, men oppstart er avhengig av at dei får nok søkarar. Det stadfestar ein svært glad studiekoordinator Øyvind Østrem ved Høgskolen i Bergen sin studiestad i Florø. Søkjartala til subseastudiet har vore nede i ein djup bølgedal dei siste åra. No ser ting lysare ut.

– Dette gjer at vi kan rekruttere breiare enn vi har gjort så langt. Håpet er at dette skal få oss på bana igjen, seier han.

Likt subseastudiet

Maskiningeniørane er ingeniørane sin «potet»; utdanninga er så generell at dei kan brukast til det meste i yrkeslivet. Som maskiningeniør designar du produkt, utformar produksjonsutstyr og styrar produksjonsprosessar.

– Dette vil vere det einaste studiet av sitt slag i fylket – eit fylke der industrien sysselset 13 prosent av arbeidsstokken. Det er fire prosent over landssnittet. Maskinindustri er ein viktig del av dette, seier Østrem.

Bachelorstudiet i allmenn maskin er i grunnen ganske så likt subseastudiet – fram til eit visst punkt, der studentane byrjar spesialisere seg. Det er berre to fag som skil studia. Ein del av undervisninga vil studentane difor ha saman. Dette gjer at avdelinga i Florø også vil kunne ta mellom 20 og 30 studentar ved kvar studieretning frå hausten 2017. Dei treng ikkje tilsette fleire lærarar heller.

I juni i år fullførte dei aller første subseastudentane i Florø sin bachelorgrad. Men dei første skal ikkje bli dei siste, for frå hausten 2017 av får subseastudentane i Florø følge av maskiningeniørstudentar.

I juni i år fullførte dei aller første subseastudentane i Florø sin bachelorgrad. Men dei første skal ikkje bli dei siste, for frå hausten 2017 av får subseastudentane i Florø følge av maskiningeniørstudentar. Foto:

– Men dersom det blir naudsynt har vi eit særs godt samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, poengterer Østrem.

LES OGSÅ: Nytt ingeniørstudium i nye lokale

Østrem kunngjorde allereie i april at dette nye studiet var spelt inn til Høgskolen i Bergen. I høgskulestyret tysdag vart saka avgjort.

– Det er svært gledeleg at dette gjekk gjennom i høgskulestyret, og svært viktig for oss, seier Østrem og legg til:

– Men at det skulle gå gjennom, var ikkje så opplagt som det såg ut som i april, med fusjonsprosessen i høgskulesektoren som no går føre seg, seier Østrem og siktar til at høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og på Stord skal slåast saman.

Ekstra kjekt er det at Østrem og studentane no kan sjå fram til å flytte inn i nye lokale i Solberg-bygget i sentrum 1. januar.

– Ingen tilfeldigheit

Ordførar Ola Teigen (AP) peikar på at det er viktig at høgskuleavdelinga i Florø får fleire bein å stå på, i ei tid med nedgang i søkjartala til subseastudiet. Men han strekar under at det ikkje er tilfeldig at Florø får endå eitt høgskulestudium.

– At dei lykkast er ikkje tilfeldig, det er hardt og godt arbeid over tid som gjer at dette har blitt ein realitet. Eg vil gjerne gje honnør til høgskulen som satsar offensivt, og til Øyvind Østrem som gjer ein kjempejobb. Denne gjer han saman med fleire gode krefter, som Maritim Forening Sogn og Fjordane, og især Trond Strømgren, som gjer ein fantastisk jobb på fleire måtar i denne aksen av gode krefter som får høgskuletilbodet i Florø til å bløme.

... og fleire fag kan det bli

Gode krefter jobbar no for seks nye ingeniørfag i Florø. Faga det er snakk om er hydrogenteknologi, berekraftig ressursforvaltning (resirkulering og gjenbruk innan industrien), RAS-teknologi (vatn i lukka oppdrettsanlegg), forankringsteknologi, plast og kompositt og fiskebiologi for ingeniørar. Alt dette er fag ingeniørstudentane kan velje undervegs i bachelorstudiet, fortel Maria Brandsøy i Maritim Forening Sogn og Fjordane.

– Fleire av faga blir ikkje tilbode andre stader. Og dei er berekraftige, «grøne» fag vi veit blir viktige for industrien i framtida, strekar Brandsøy under.

Men ingenting er avklart enno. I samarbeid med høgskuleavdelinga og GCE Subsea i Florø, er no forslaget om dei fem faga – med ferdig fagplan – levert til Høgskolen i Bergen. Svaret på om det blir fleire undervisningsfag i Florø får vi i desember.

Artikkeltags