Gå til sidens hovedinnhold

Stylingsuksess i Eikefjord

Artikkelen er over 8 år gammel

Søndagskveld samla Eikefjord sin kvinnelege befolkning seg som sild i tønne til stylingkveld på In-Spire i Eikefjord sentrum.

Nina Liseth hadde invitert til stylingkveld på In-Spire og med seg på laget hadde ho frisør, makeup artist og stylist, Astri Nordbo, frå leverandøren hennar Saint Tropez. Over 100 kvinner, store som små, trossa regnvêret og strøymde til In-Spire-lokala som ligg midt i Eikefjord sentrum. Hovudpersonen sjølv kunne knapt tru det ho såg.

– Eg hadde slettes ikkje forventa så mange, det skal eg ærleg innrømme. Men vi har fått ein enorm respons på Facebook. Eg hadde vore strålande fornøgd om berre 40 hadde møtt opp. Men så kom det stadig fleire og fleire påmeldingar. Eg er heilt overvelda, så på ein skala frå 1 til 10, må eg nok sei 15, seier Liseth og ler.

Mannekengoppvisning
Med pomp og prakt vart gjestane servert champagne ved inngangen før dei vart vist veg inn i lokalet. Stylingkvelden starta med ein mannekengoppvisning der behjelpelege kundar viste fram nokre av plagga frå butikken.

Mannekengane kom inn til forsamlinga til ein enorm applaus og plagga vart målt opp og ned med lange blikk – ikkje ein detalj gjekk umerka heim hos publikummet. Forsamlinga sat som tente lys og saug til seg all informasjonen Liseth og Nordbo kom med, medan mannekengane sprada fram og tilbake i lokale.

Tapas, loddtrekning og styling
Dei frammøtte vart servert tapas og blant dei påmelde vart det også trekt ut ein vinnar som fekk styling av Nordbo, samtidig som ho fekk plukke seg ut eit gratis antrekk. Det var Trude?Halland Muri, som er dagleg leiar for frisørsalongen Hair?e vi,?som sat med det vinnarloddet.

Les meir om In-Spire sin kundekveld i tysdagsutgåva til Firdaposten.

Kommentarer til denne saken