Det er brot i forhandlingane mellom organisasjonane Safe og Lederne på eine sia, og Norsk olje og gass på den andre. Gjennom dei ordinære forhandlingsrundane i lønsoppgjeret var det tydeleg at partane stod langt frå kvarandre særleg i spørsmålet om pensjonsordningar, og det er no varsla mogleg streik for 76 tilsette ved Gjøa, melder Stavanger Aftenblad.

Det vil i så fall råke produksjonen på plattforma som ligg 65 kilometer vest av Florø og som har GDF Suez som operatør. Datoane 16. og 17. juni er sett av til mekling.

Det er tilsette organisert gjennom Lederne som eventuelt vil streike på Gjøa, medan organisasjonen Safe har blinka seg ut Exxon Mobile-tilsette for ein eventuelt streik.