Streik i Elkem

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Onsdag 3. juni går alle fagorganiserte i forbundet Industri Energi ut i ein to timar lang politisk streik.

DEL

Dette gjeld også tilsette ved Elkem Bremanger.

Dei fagorganiserte føler at regjeringa driv løftebrot med tanke på industrikraftregimet. Det fortel hovudtillitsvald ved Elkem Bremanger, Knut Sande.

– Vi føler oss ført bak lyset av regjeringa, seier Sande.

Streiken som varer frå klokka 11.00 til klokka 13.00, vert markert med ei samling i kantina på Elkem Bremanger.

Alle dei fagorganiserte i Industri Energi vil bli tekne ut i streik, med unntak av folk som skal halde oppe drifta på dei store maskinene.

Artikkeltags