Det gode vêret kjem bokstaveleg tala med ein pris

Installering av automatisk straummålar. Straum kraft kraftprisar nedbør

Installering av automatisk straummålar. Straum kraft kraftprisar nedbør Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Manglande nedbør sender kraftprisen oppover.

DEL

Kraftprisane i Norge låg i snitt 33 prosent høgare i andre kvartal i år enn i fjor. Lite nedbør er hovudårsaka til prisoppgangen, heiter det i ei pressemelding frå NVE.

Fordampinga større enn nedbøren

- Auken i kraftprisane hittil i år og utsiktene til høg pris framover, gjer at ein gjennomsnittskunde må betale om lag 3000 kroner meir for straumen i år enn i fjor, seier seksjonssjef Vegard Willumsen i NVE.

NVEs berekning er basert på eit gjennomsnittsforbruk på rundt 20.000 kWh i året. Andre kvartal blei eit kvartal med lite nedbør. Om ein måler det som kom i potensiell kraftproduksjon, var det 60 prosent av normalen.

- Det gjer at Norge no har mindre vassressursar til kraftproduksjon enn i eit normalår. I fire av vekene i andre kvartal, var det så lite nedbør at fordampninga var større enn nedbøren. Det er uvanleg, sier Willumsen.

Mai månad var den varmaste sidan målingane starta i 1900, noko som sette fart på snøsmeltinga i fjellet. Det gjorde at magasinfyllinga for det meste heldt seg over normalen i vår. Men etter kvart som snøen smelta, flata magasinfyllinga ut til 6,4 prosentpoeng under normalen mot slutten av andre kvartal.

- Den ekstremt varme mai-månaden medverka til at snøen smelta raskt, slik at vi no ligg nær normal fylling i magasina. Det meste av snøen har smelta, og det blir mindre tilsig enn vanleg framover. Kraftforsyninga i Norge er likevel ikkje truga av tørken, sidan vi har ein del vatn å ta av. Vi har også moglegheita til å importere kraft frå Sverige, Danmark og Nederland om det skulle bli naudsynt. Utanlandskablane gjer oss mindre sårbare i tørrår, samstundes som vi tener penger på straumeksport i fuktige år, forklarar Willumsen.

Sparar vatn til vinteren

Den nedbørsfattige våren gjorde også at norsk krafteksporten fall med 3,5 TWh samanlikna med fjorårets andrekvartal. Den var berre på 0,4 TWh, noko som er uvanleg lågt under snøsmeltingea. Det var også nokre veker med netto import.

- Tørken vi er inne i, gir svært lite tilsig til kraftmagasina. Vi ser at kraftprodusentane held vatn tilbake for å spare til vinteren. Det medverkar til ein noko høgare kraftpris no, men det vil redusere straumrekninga til vinteren, sier Willumsen.

Artikkeltags