For 3 månader sidan vart denne stranda på Reksta rydda for plast og avfall. Slik ser det ut no

Slik ser Langevikja på Reksta ut, vel 3 mnd etter at den vart rydda for plast.

Slik ser Langevikja på Reksta ut, vel 3 mnd etter at den vart rydda for plast. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

REKSTA: Under den store strandryddedugnaden i vår vart Langevikja på Reksta rydda for plast. Det visast knapt tre månader etter.

DEL

Heile 21 containerar med plast var samla inn i Flora kommune i løpet av dugnaden. Seks av dei kom frå Reksta, og nesten to fulle containerar stamma frå Langevikja åleine.

Slik såg Langevikja ut 15. april i år, då den var rydda for plast.

Slik såg Langevikja ut 15. april i år, då den var rydda for plast. Foto:

Ekstreme mengder plast

Ein av stadane som vart rydda var den idylliske Langevikja, søraust på øya. Heile 32 menneske heldt på i 4–5 timar og rydda, fortel ein av primus motorane , Anita Øygard.

– Det var ekstreme mengder med plast, både i fjøra og langt innover land, fortalde ho til Firdaposten då.

Onsdag denne veka var ho ute på ein joggetur og tenkte ho ville stikke innom for å sjå.

Anita Øygard ville innom Langevikja og nyte synet av det flotte området dei hadde rydda for plast. Foto: Privat

Anita Øygard ville innom Langevikja og nyte synet av det flotte området dei hadde rydda for plast. Foto: Privat

– Eigentleg tenkte eg vel at eg ville inn og sjå kor fint der var blitt, seier ho.

Men det var ikkje den ryddige vika dei forlèt i april som møtte henne no. Mengder av tre og plast er igjen på plass.

– Det var litt nedslåande. Ein del mikroskopiske bitar låg att når vi var ferdige, for det var så enormt mykje å rydde då vi var der, fortel Øygard.

Ho måtte inn og sjå på dei gamle bilda.

– Men det var ikkje så gale som det er no.

Øygard fortel at sørvesten slår inn i denne vika, og då kjem bosset langvegsfrå. Langevikja er ei gammal oppankringsvik, og eigentleg er det ein flott plass. No trengst det på nytt ein solid innsats for at det skal bli fint.

– Det er jo berre å brette opp ermane å gå i gong igjen.

– Trur du folk orkar det, så kort tid etter?

– Ja, eg trur eigentleg det. Folk vil jo at det skal vere fint rundt oss.

– Kor lang tid trur du ein vil trenge for å rydde opp det som har komme inn på desse tre månadane?

– Det er jo vanskeleg å seie, det kjem an på kor mange vi er. No var vi jo over 30 personar sist, og blir vi det neste gong òg, skal vi nok få det gjort på eit par timar. Men det er jo motlaust å gå og plukke på alt småtteriet.

Kommunen vil motivere

– Det forundrar meg ikkje at det er frå Reksta vi høyrer dette først – dei er over gjennsnittet flittige der ute, seier miljørådgjevar Kaja Standal Moen i Flora kommune.

– Konklusjonen er for så vidt enkel, det er alt for mykje plast i sjøen, seier ho, men minner om at det er framleis mogleg å bestille containerar frå kommunen, for dei som vil halde fram med dugnaden.

Ho antydar også at det vil komme fleire initiativ frå kommunen for å motivere folk til å halde oppe ryddinga, men dette vil ho komme tilbake til etter ferien.

Det ser ut som det kan trengast.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken