Berre småpengar til tiltak mot maritim forsøpling i Sogn og Fjordane

Knut Hovden (i båten) og 25 andre plukka 150 sekkar plast på Søre Nærøya i fjor. Dei frivillige må ta ansvar i år også skal det bli rydda noko langs strendene.

Knut Hovden (i båten) og 25 andre plukka 150 sekkar plast på Søre Nærøya i fjor. Dei frivillige må ta ansvar i år også skal det bli rydda noko langs strendene. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Miljødirektoratet har fordelt 80 millionar til tiltak mot marin forsøpling.

DEL

I årets statsbudsjett blei det sett av 65 millionar kroner til tiltak mot marin forsøpling, pluss 15 millionar for utgifter i 2019 til prosjekt som går over fleire år. Totalt 80 millionar kroner. Miljødirektoratet har nå fordelt pengane.

Sjå lista over dei som fekk pengar her

– Det er veldig stor interesse for desse midla og ikkje minst rundt marin forsøpling. Det er vi veldig glade for. Engasjement og initiativ er viktige bidrag for å få bukt med eit stadig større miljøproblem, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Ved årets tildeling har fylkesmennene hatt ein ny koordineringsrolle kor de har bidratt i vurdering av søknader frå sine fylke. Det er søkt om over 320 millionar kroner for prosjekt over hele landet, og av 161 søknader har 71 fått sine innvilga.

Ser ein bort ifrå dei som operere nasjonalt, eller på tvers av fleire fylke, er det berre Nordic Ocean Watch som har fått pengar her i fylket. Dei har fått tildelt 300.000 kroner i støtte til kommunikasjon og formidling knytt til maritim forsøpling.

Ifølge strandryddeportalen til Hold Norge Rent er det i skrivande stund 12 stader i Flora-skjergarden som er merka av som forsøpla område.

Artikkeltags