Stenger Strandgata for parkering på grunn av all snøen

DEL

Grunna rydding av dei store mengdene snø som har komme i det siste, blir det framover forbode å parkere i Strandgata, frå krysset i Torggata og ut til Fugleskjersgata. Dette melder Flora kommune på sine nettsider. Gata vil vere stengd for parkering mellom klokka 17.00 onsdag til seinast 1. februar klokka 14.30. Kommunen oppfordrar folk til å finne andre parkeringsalternativ, mellom anna i sidegatene til Strandgata.

Artikkeltags