Med nysteikte sveler og kaffi som kontaktskapande middel var eit titals lærarar samla ved Amfi for for å få slå av ein prat og orientere folk flest om realitetane i saka.

Saka var oppsummert i slagordet "Lat lærarane vere lærarar" og tre korte underpunkt på eit flygeblad.

Krava er:

1. Meir tid til kvar elev. Gi oss høve til å vere gode lærarar.

2. Ei fleksibel arbeidstid tilpassa elevane sitt behov for oppfølging og god undervisning.

3. Mindre detaljstyring av skulekvardagen, la oss få gjere det som er best for elevane.

Utdanningsforbundet i Flora er ein tungvektar i fylket med sine 446 medlemmer.

- Vi reknar med å få minst 250 av oss på føter til å vere med på streikemarkeringa førstkommande tysdag i Førde. Det må vi greie, meiner ho, og forsikrar om at det naudsynte apparatet er klart dersom streiken skulle bre seg til Flora kommune.

- Vi har ikkje lyst å ramme elevane som ein uskuldig 3.part, men når tre fjerdedelar av medlemmane våre har sagt at dei ikkje aksepterer tilbodet frå Kommunenes Sentralforbund (KS), så er det eit veldig tydeleg signal på at vi må bruke streikevåpenet dersom det blir naudsynt.

Reidar Knapstad, hovudtillitsvald i Flora og styremedlem i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, meiner at mistilliten frå KS er ein viktig faktor i konflikten.

- Det handlar om mistillit og at dei vil ta frå oss kontrollen over vår individuelle arbeidstid. Vi mister fleksibiliteten som er viktig for å lykkast i vår arbeidskvardag, understrekar han, og viser til mediaoppslag dei siste dagane om at det kan koste kring 14 milliardar å setje i stand skikkelege arbeidsplassar til lærarane på skulane i Norge. Dersom det blir kravd at lærarane skal gjere alt rettearbeid og førebuing på skulen, må dei også ha tilrettelagde kontorplassar.