Rotevatn få stemmer unna å kapre sistemandatet

TETT: Sveinung Rotevatn har ikkje gitt opp håpet om ein ny periode på Stortinget.

TETT: Sveinung Rotevatn har ikkje gitt opp håpet om ein ny periode på Stortinget. Foto:

Sveinung Rotevatn har enno ikkje gitt opp håpet om ein ny periode på Stortinget.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Det står om veldig få stemmer i fleire fylke, mellom anna i Hordaland der vi er eit par titals stemmer unna direktemandat. Det kan endre seg når dei siste stemmene er talt opp i løpet av ettermiddagen i dag, seier Rotevatn til Firda.

Akkurat no har Tore Storehaug (KrF) utjamningsmandatet for Sogn og Fjordane, men han kan på langt nær føle seg trygg på stortingsplass.

Håpar ballen smyg seg inn

Difor meiner Rotevatn det er for tidleg å konkludere, og at han berre må smørje seg med tolmod til dei siste fem prosentane at stemmene er talt opp. Dette er førehandsrøyster, der ein ventar på postgang til det endeleg resultatet er klart.

– Korleis opplever du situasjonen?

– Det er sjølvsagt veldig nervepirrande, men eg har vore med på det før. Også ved siste val var det ganske spennande, då vart det stong inn, no kan det sjå ut som det blir stong ut, men vi får sjå om ikkje ballen smyg seg inn, seier Rotevatn.

Ventar med å trykke på b-knappen

Midt opp i all spenninga klarte han likevel å få vel fire timar søvn natt til tysdag, og Rotevatn kjem ikkje til å sitte i ro og tvinne tommeltottar før det endelege resultatet er klart.

– Eg skal snart ta fly til Oslo for å rekke sentralstyremøte der vi skal drøfte resultatet og vegen framover. Med åtte representantar inne er vi framleis ein betydeleg maktfaktor på Stortinget. Så eg får nok å henge fingrane i, seier Rotevatn.

– Har du ein plan B, viss stortingsplassen ryk?

– Eg skal nok klare meg, men den knappen har eg ikkje trykt på enno.

Tett mellom Venstre og KrF

Før dei siste fem prosentane av røystene er talt opp har Tore Storehaug (KrF) utjamningsmandatet for Sogn og Fjordane. Det er også eit faktum at det er svært tett mellom KrF og Venstre landet sett under eitt. Venstre har fått 124.236 røyster, noko som utgjer 4,3 prosent. KrF fekk rundt 3000 røyster mindre, 120.938, som utgjer 4,2 prosent.

Artikkeltags