Stort løft på silgrain

Tanken snart på plass.

Tanken snart på plass. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

SVELGEN: Med den nye lut-tanken på plass på silgrain, blir anlegget no starta opp att etter sommarpausen.

DEL

Denne veka fekk silgrain den nye lut-tanken på plass. Ein kunne sjå den store tanken på lekteren frå Stadt Sjøtransport sige sakte innover fjorden, og følgje med i operasjonen med å få den på land, og plassert på riktig stad.

Det er siste etappe i Silex- prosjektet, som skal gjer utviding på 30 prosent i kapasiteteten.

- Tanken vart bygd i Naustdal av Sunnfjord Industri Service, frakta på lekter til Svelgen av Stadt Sjøtransport, og sett på plass av Førde Kran, fortel produksjonssjef Vidar Haugland ved Silgrain.

– Flyttinga av tanken gjekk smertefritt, og i dag har vi fylt den med vann for å sjekke at alt er slik det skal vere, fortel prosessingeniør Øystein Grinde.

Silgrain skal starte opp produksjonen etter tre veker vedlikehaldsstans.

- No må vi komme fort i gang igjen med produksjonen, slik at vi held avtalane vi har med kundane våre. I haust kjem vi til å ha full produksjon i anlegget, ivrar Vidar Haugland.

Artikkeltags