Stort databrekk i Svelgen

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

SVELGEN Tjuvar har vore på ferde i helga og gjennomført eit større brekk ved Svelgen skule. Truleg braut dei seg inn i skulen natt til søndag.

DEL

Det er brote opp fleire dører og tjuvane har fått med seg ein god del datautstyr. Politiet var på åstadsundersøkjing søndag ettermiddag og sikra spor. Kjell Rune Biesmans hos politet oppmodar no publikum som har sett uvanlege rørsler i området om å seie frå. Det er så langt registrert at seks data skjermar, ein videokanon og ein cd-spelar er borte. Tjuvane kan ha fått med seg meir. Men dette blir først klart når skulen sine folk har fått gått meir grundig gjennom utstyrslistene.

Det var skulen sine eigne folk som oppdaga hærverket og kontakta politiet.

I helga har det også vore databrekk ved Øyrane vidaregåande skule i Førde og i ved ein skule i Høyanger. Biesmanns er forsiktig med å fastslå om dette er eit raid. Det vågar vi ikkje å seie. Vi har ikkje haldepunkt for å seie at det er dei same personane som har vore på ferde, seier Biesmans.

Artikkeltags