Storsatsing på ny "Fanøyvåg"

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Geir Henning og Johnny Seljeset i Batalden har signert kontrakt på ny garnbåt til mellom 40 og 50 millionar kroner.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det er Stadyard på Raudeberg i Vågsøy, som skal levere ferdig utrusta båt, basert på eit skrog som allereie er under bygging i Polen. Fartøyet er designa og utvikla av Naval Consult i Måløy. Sparebanken Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge er finansieringspartnarar i prosjektet. Vestnes Ocean i Florø leverer møblement og Sigurd Solberg i Florø er elektronikk-levarandør for båten som skal leverast i 3. kvartal i 2015.

- Vi ønskjer ikkje å gå ut med nøyaktig kontraktsum, men det er snakk om ei verkeleg storsatsing økonomisk. "Fanøyvåg" er den siste gjenværande fiskebåten i Batalden og no satsar vi vidare med ein større og meir fleksibel båt, som gjer at vi kan utnytte fiskekvôtane langt betre gjennom året, fortel Geir Henning Seljeseth.

Firdaposten kjenner til at kystgarnbåten "Grotle" på 21 meter, nyleg kom ut med ein prislapp på ca. 36 millionar. Nye "Fanøyvåg" blir ein centimeter under 28 meter og vil nok ligge mellom 40 og 50 millionar i kostnad for Batalden-reiarlaget. Dei har sterkt fokus på å betre kvaliteten på fisken og båten får god frysekapasitet på to platefrysarar på eit fabrikkdekk og får også eit kombinert lasterom med fryseisolert rom og ein del for ising.

- Vi legg vekt på å ta skikkeleg vare på biprodukt som lever og rogn. Elles er det viktig at vi kan ta bearbeide og fryse inn fisken. Det kan i gjennomsnitt gje oss 5-6 kroner meir for kiloen fisken, fortel Geir Henning. Han er den som tek hovudansvar for å drive reiarlaget i framtida, men far Johnny skal framleis vere aktiv og partsreiar i mange år.

Dei vil no kunne fryse inn 10-11 tonn fisk i døgnet. Å kunne fryse inn fersk fisk ombord gir fiskarane ein ny viktig fordel, ved at dei enten kan auksjonere fisken ut medan dei er på havet, eller dei kan lagre den vidare på frysehotell på land, dersom prisane ikkje er tilfredstillande.

Artikkeltags