Storsatsing på grønn energi

Artikkelen er over 10 år gammel

- Tiltakspakken satsar på auka sysselsetting ved meir fornybar energi, energieffektivisering og satsing på Co2-handtering, seier Tore Nordtun, Ap`s energi- og miljøpolitisk talsmann.

DEL

- Regjeringa viser at den vil ruste opp Norge ved å redusere klimagassutslepp og satse på miljø. Det er ein klar, grønn profil på tiltaka. Mellom anna aukar innsatsen for energieffektivisering og på fornybar energi med 1,2 milliardar kroner, seier Nordtun.

- Dette følgjer også opp den breie einigheiten frå klimaforliket i Stortinget, seier Nordtun, som viser til at Enova vert styrka med 1 190 millionar kroner i 2009 og at energifondet får over 80 prosent meir enn det som opprinneleg blei budsjettert for 2009.

- Vi er veldig nøgde med at Regjeringa held oppe sine svært ambisiøse målsettingar om Co2-handtering, og derfor aukar overføringane til testsenteret for slik Co2-fangst på Mongstad med nesten 1 milliard kroner, seier Nordtun.

Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad er et av regjeringens viktigste tiltak for å bidra til reduksjon av klimautslipp.

Havvindmøller

Den klare grøne profilen i tiltakspakken vil også merkast med auka satsing på bioenergi og forsking på havvindmøller, og langt fleire ladestasjonar for el-bilar.

Styrking av jernbanen og gang- og sykkelvegar er ein svært viktig del av auken på samferdselsbudsjettet, seier Nordtun.

Klimaforskinga vert styrka med 75 millionar kroner til ekstra stimuleringstiltak innanfor forsking på melloma anna havvindmøller og offshore vindkraft.

Regjeringen vil bruke desse midlane til å investere i forskningsutstyr, til å bygge opp forskningsinstallasjonar og til å bygge opp forskningsmiljøer i fleire delar av landet.

Kulturminne

Det er satt av 223 millioner kroner ekstra til opprustning av freda og verneverdige kulturminn, til brannsikring og til vern av fartøy.

Artikkeltags