Storsatsing i Iglandsvik

Iglandsvik i Bremanger.

Iglandsvik i Bremanger. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Ei nyskipa Velforeining, Igland Utvikling, lanser planar om ei svær småbåthamn i Iglandsvik på Bremangermessa i helga.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Initiativtakarar er Leif Inge Grotle og Ole Martin Grotle, medan Monika Liseth Dingen står som leiar for velforeininga.

Museumsbåten, autoline-båten, MS Haugefisk skal få plass ved hovudkaia. Dette kan gjere den kjende fiskebåten langt meir tilgjengeleg for publikum enn han har vore.

– Vi har fått god hjelp og møtt velvilje i kommunen. På infomøte med naboane fekk vi gode tilbakemeldingar. Før vi kan gå i gang må vi få endeleg løyve frå Bremanger kommune. Og at vi har mange nok interessentar, seier Dingen,

– Vi må minimum selje 35 båtplassar før vi går i gang. Vi kjem og til å gje eigne messetilbod til dei første som kjøper plass, lokkar Dingen.

Ho vil ikkje fram med pris i denne omgangen. Det vil interesserte få vite på messa. Dingen understrekar at dei har danna eit sjølvstendig selskap som ikkje tek mål av seg å tene pengar.

– Målet er å bruke overskot på gjesteplassar og eit servicehus med toalett, vaskemaskin og dusj, og på sikt andre tiltak som kan gje vekst til området. Dingen presiserer også at dei satsar på høg kvalitet, bryggjene skal vere i betong og blir konstruerte slik at dei ikkje skal lage sjenerande lyd. Ho leier og selskapet Sea og Residence AS som har lagt til rette for at at Igland Utvikling no kan byggje båthamn ut frå det området selskapet sit med opsjon på

- Vi ønskjer og å støtte opp om vidare tiltak som kan skape aktivitet i bygda. Samtidig må vi sikre oss at ei slik utbygging ikkje legg sperrer for vidare planar for det gamle fryseriet. Båthamna vert prosjektert for maksimal kapasitet. Igland Utvikling kan bygge ut så lenge der frameleis er 100 båtplassar tilgjengelege for eit bu og feriekompleks i området i framtida, seier Liseth Dingen.

Meir om dette i papiravisa.

Artikkeltags